Er det ikkje i møta vi finn kvarandre?

Det er teatersjef ved Teatret Vårt som stiller spørsmålet i overskriften og i dag sender ut følgende tekst til en pressen - en tekst som i stor grad oppsummerer teatrets virksomhet i året vi er i ferd med å legge bak oss.

Annonse:

Der inne, hvor det blåner i skar og kløft, -

hvor fjelldalen svartner, trang som en grøft, -

og under, langsmed hver åpne fjord, -

der er det altså menneskene bor.

De bygger spredt her i landet …

 

Dette er Peer Gynt si skildring av Noreg når han vender heim etter å ha vore utanlands i mange år. Kanskje kunne han like gjerne ha sett føre seg Møre og Romsdal. Fylket vårt har både fjelldalar og opne fjordar, små og større tettstader – og mykje meir. Det er her menneska bur, her i Møre og Romsdal. Men som Peer Gynt seier: vi byggjer og bur spreidd.

I 2025 har Teatret Vårt reist gjennom heile Møre og Romsdal – over fjell, gjennom dalar, med ferjer som kryssar fjordar, og med turnébussen som trufast følgjesvein. Uansett kvar vi har kome, har vi blitt minna på det same: at teater oppstår i møtet mellom menneske, i augeblikka som ingen av oss kunne ha skapt åleine.

Kristian Strømskag fotografert av Samuel Pettersson.

Som regionteater for Møre og Romsdal spelar Teatret Vårt ei viktig rolle, både kulturelt, sosialt og samfunnsbyggjande. Vi er ein viktig del av fylket sin identitet og geografi. Teater er ikkje eit tilbod for dei få, men ein grunnleggjande del av eit levande, demokratisk og berekraftig samfunn. Teater gir rom for refleksjon og samtale. Gjennom scenekunst kan komplekse samfunnsspørsmål gjerast tilgjengelege, forståelege og menneskelege. Dette styrkjer den offentlege samtalen og bidreg til eit levande demokrati. Teateret skal vise at det ikkje finst éin måte å tenkje på, men mange. Ikkje éin måte å vere menneske på, men mange.

Gjennom møte med scenekunst lærer barn og unge å forstå andre perspektiv. Dei utviklar empati og stille spørsmål ved verda rundt seg. Teater kan spele ei avgjerande rolle i oppveksten. Teatret Vårt si satsing på barn og unge byggjer framtidige kulturbrukarar, men òg reflekterte samfunnsborgarar. Dette er ei langsiktig investering som gir avkastning langt utover kulturbudsjettet.

Teatret Vårt er ein viktig arbeidsgivar, eit kompetansemiljø og ein samarbeidspartnar i regionen. Teatret bidreg til attraktivitet, bulyst og omdøme – faktorar som er avgjerande for å halde på og tiltrekkje seg innbyggjarar, særleg unge og kreative fagmiljø. Kultur er ikkje ein kostnadspost, men ei drivkraft for regional utvikling. Kunstnarleg kvalitet, turnéverksemd og relasjonar til publikum krev stabilitet, målretta arbeid og langsiktig finansiering.

Kunst viser oss korleis det er å vere menneske. Kunsten tek opp tråden der vi ikkje lenger kan forstå eller forklare. Teater får fram verda på ein annan måte enn andre medium. Teater er eit sosialt rom der vi kjem saman og opplever noko som skjer akkurat her og no. Denne analoge opplevinga står i sterk kontrast til – og er ein viktig motvekt til – den hektiske og digitale kvardagen dei fleste av oss lever i.

«Kven er vi utan orda våre?» spør Ivar Aasen. Musikalen, «Eg har ikkje ord», gav oss svar. For slik er det: Orda treng ein mottakar. Ord i seg sjølve er ikkje nok – vi må ha nokon å dele dei med. I portrettet av språkpioneren Ivar Aasen fekk vi sjå kor dramatisk eit livsprosjekt knytt til språk og identitet kan vere, men òg kor einsam han blei då han valde bort andre menneske og kjærleiken. «Ivar – orda dine – dei passar inn i hjartet», seier Berte til Ivar mot slutten av livet.

Teatret Vårt sitt program i 2025 viste ei breidde, med produksjonar som spente frå nyskapande scenekunst og klassikartolkingar til sterke samtidshistorier og eit omfattande tilbod for barn og unge. Året opna med «Torn & Rose», ei innovativ eventyrforestilling som kombinerte tradisjonelt teater med digitale verkemiddel. «Stillheten» var ei visuell og eksperimentell danse- og teateroppleving inspirert av sci-fi og fantasy. I februar hadde vi premiere på operamonologen «Jeg er en som synger» og ei tett og nær tolking av «Terje Vigen og Ibsens smådjevler». Til Teaterfest var vi klare med «Eg har ikkje ord» om Ivar Aasen, ein nyskriven kvalitetsmusikal som møtte publikum med stor resonans. Publikumsfavoritten «Jordmor på jorda» gjesta i same periode Det Norske Teatret i Oslo. Om sommaren spelte vi «Skogsprinsessa», ei utandørs sommarframsyning der naturen var ein aktiv del av scenebiletet. For dei yngste publikumsgruppene besøkte vi barnehagane med «Nysgjerrigper», ei leiken og sansande framsyning som stimulerte fantasi og nysgjerrigheit.

Haustsesongen romma både klassikarar og familieframsyningar. «Peer Gynt» blei presentert i ei nytolka og ekspressiv form, medan «Britt Marie var her» gav publikum ei varm og humoristisk forteljing om fellesskap og nye livsvegar. «Ping Pong» besøkte ungdomsskular med tematikk tett på kvardagen deira. For barnefamiliane blei det gledeleg gjensyn med «Tonje Glimmerdal». Til julebordpublikummet serverte vi «Juleimpro», der improvisasjon og publikumsmøte stod i sentrum. Året blei runda av med ei musikalsk forteljarstund basert på «Piken med svovelstikkene», og eit møte med «Snekker Andersen» rett før jul.

Samla sett stadfesta programmet for 2025 Teatret Vårt si rolle som eit regionalt teater for heile Møre og Romsdal, med eit rikt repertoar som kombinerte kunstnarleg kvalitet, regional forankring og brei publikumsretta verksemd.

Møre og Romsdal er eit geografisk stort og mangfaldig fylke. Teatret Vårt bind regionen saman gjennom turnéverksemd, samarbeid og felles kulturopplevingar. Når vi kjem med framsyningane våre til små tettstadar og større byar, skapar det tilhøyrsle og ei kjensle av å vere del av noko større. Dette er aktiv regionbygging i praksis: Teatret Vårt bidreg til ein felles kulturell identitet på tvers av kommunegrenser, by og distrikt. Eit samfunn utan kunst som utfordrar, samlar og speglar oss, blir fattigare – ikkje berre kulturelt, men også menneskeleg.

Det er i dei store og små møta vi finn kvarandre.

Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år.

 

Kristian Lykkeslet Strømskag

Teatersjef

Neste
Neste

Høy aktivitet for barna på Erikslia aktivitetsgård