Min Bjørnsonfestival: Arne Ruset
Arne Ruset.
Foto: Solum Bokvennen.
I tiden frem mot Bjørnsonfestivalen ønsker MoldePuls å kjøre en fast spalte under vignetten «Min Bjørnsonfestival». Her ønsker vi å stille noen spørsmål til tidligere deltakere, publikummere og andre relevante. Vi kommer til å snakke med rundt 20 personer.
I et historisk perspektiv – hva er ditt forhold til festivalen?
På nyåret i 1992 fekk eg og Jostein Sæbøe i oppdrag frå Otto Gussiås å lage eit litteraturprogram til byjubileumet det året. Vi tok fatt på oppgåva, etter kvart kom også Knut Ødegård til, og resultatet vart ein festival i Bjørnsons namn. Og det som var tenkt som eit eingongsforetak, vart frå då av eit årviss arrangement, Norges første litteraturfestival.
Husker du når besøkte du var i befatning første gang
Det eg husker best frå 1992 er at vi frykta sviktande oppmøte, og delte ut ein del gratisbillettar, slik at det iallfall skulle vere litt publikum i salen. Men folk strøymde til på alle arrangement, og problemet blei at ikkje alle slapp inn.
Er det en programpost du har vært publikummer eller deltatt på som du husker spesielt godt?
Programma med Robert Bly, mitt store litterære forbilde, i 2000, er for meg høgdepunktet gjennom alle desse åra.
Er det noen programposter du gleder deg spesielt til under årets festival?
For å vere heilt ærleg, gler eg meg mest til samtalen med Øystein Hauge om den nye romanen min "Ein tragikomisk roman om kreft" på Træet fredagen under årets festival. Dessutan programmet med våre lokale debutantar Mathilde Øverland og Mario Araya.
Hva er din største leseopplevelse?
Som 15-åring las eg "Fuglane" av Tarjei Vesaas, og den boka lever framleis i meg. Det er for meg ei gåte at denne boka ikkje gav han Nobelprisen.
Hva leser du akkurat nå?
For tida leg eg "Biblioteket i Gaza" av Rahid Benzine, ei bok som burde vere obligatorisk lesnad for alle.
Se mer av hva som skjer i Molde
Finn konserter, arrangementer, aktiviteter, restauranter og opplevelser.