Vil ha 18-årsgrense for smarttelefonar: – Råd og tilrådingar er ikkje nok

Marie Midtsund
Foto: Privat

Psykologspesialist Marie Midtsund frå Molde jobbar til dagleg med barn og unge i Aukra kommune og har eigen praksis i Molde. No er ho ein av psykologane bak eit landsomfattande opprop der 550 fagfolk krev 18-årsgrense for smarttelefonar. Ho meiner ansvaret for å verne barn og unge i den digitale kvardagen ikkje lenger kan overlatast til foreldra åleine.

Annonse:

Difor meiner ho grensa bør gå ved 18 år

18 år er ikkje ei magisk nevrobiologisk grense. Det er ei samfunnsgrense for kva som er å vere vaksen. 

Det sentrale spørsmålet for oss er kor lenge det er rimeleg at barn og foreldre åleine skal bere ansvaret for å regulere eit digitalt miljø som også vaksne strevar med å regulere. Smarttelefonen gir ikkje berre tilgang til eit kommunikasjonsverktøy. Han gir kontinuerleg, personleg og i stor grad uovervaka tilgang til internett, sosiale medium, algoritmestyrt innhald og nye plattformer som heile tida kjem til.

Vi meiner også at det ikkje er tilstrekkeleg å beskytte berre barneskulebarn. Ungdomsåra er ein svært viktig periode for sosial utvikling, identitetsutvikling og tilhøyrsle. Nettopp i desse åra kan det vere svært vanskeleg å stå utanfor når heile det sosiale miljøet flyttar inn på telefonen.

Ei aldersgrense vil i større grad endre våre haldningar og forsiktighet i bruk. Vi menneske er ikkje så gode på å endre holdningar av å få gode råd. Folk slutta ikkje å røyke i hopetall før det blei meir vanskeleg å røyke, sjølv om vi visste helseskadane. At regjerninga kjem med råd og anbefalingar og legg på ord som sterk anbefaling er ikkje nok. I dag seier mange foreldre: «Vi skulle gjerne ha venta, men alle andre har det.» Ei felles grense flyttar noko av ansvaret frå det enkelte barnet og den enkelte familien til fellesskapet.

Smarttelefonen er elefanten i rommet - den muliggjør apper, nye apper som ikke ennå er regulert, krypterte plattformer og plattformer som får ny bruk av ungdommer og deres omgjevnader. Lovendringer og aldersgrenser på SoMe er bra i seg sjølv men kan komme til å slite med å henge etter fornyinga i techbransjen. Si at snapchat og tiktok blir regulert, så kjem det berre nye variantar. Det har også blitt problematisert at SoMe-aldersgrense kan flytte unge over på meir mørke plattformar. Ved å regulere at det i det heile tatt finst ein butikk som sel sigaretter og sprit, altså smarttelefonen, får vi mykje meir beskyttelse av barna våre.

Kva omfattar forslaget konkret?

Aldersgrense på smarttelefon. Det har no komme eit svært legeopprop som støtter psykologoppropet. Over tusen legar har signert på under to døgn. Eg håpar vi får sjå lærarar og politi og helsesjukepleiarar som kjem etter. Vi står alle i roller som er vitne til kva som skjer langt utover foreldrerolla vår. Vi er ikkje mot teknologi, og dette er ikkje eit forslag om at barn skal vere skjermfrie til dei er 18. Det er eit forslag om å regulere kor gamal du må vere for å kunne eige din eigen smarttelefon. 

Det finst etterkvart svært mange gode alternative telefonar med enklare utforming og som ikkje gjer kva som helst tilgjengeleg. Barn skal sjølvsagt kunne ringe, sende meldingar, bruke kart, musikk, billettar, Vipps og andre nyttige digitale verktøy. Dei skal bruke PC og nettbrett på skulen og utvikle digital kompetanse. Utviklinga av slike alternativ vert no stimulert av endringar i befolkninga og at mange ser etter andre løysingar enn smarttelefon til barna sine. 

Det vi problematiserer, er den personlege smarttelefonen som gir eit barn fri tilgang til heile internett og kommersielle plattformer i lomma, heile døgnet. Smarttelefon og sosiale medium er ikkje det same, men smarttelefonen har gjort sosiale medium og anna algoritmestyrt innhald kontinuerleg tilgjengeleg – også på soverommet om natta, på skulevegen og midt i andre aktivitetar.

Derfor meiner vi at diskusjonen ikkje kan avgrensast til dei sosiale media vi har i dag. Teknologien utviklar seg mykje raskare enn lovverket. Nye appar og plattformer kjem til. Dersom vi berre regulerer Snapchat, TikTok eller Instagram, risikerer vi heile tida å liggje eitt steg bak.

Illustrasjonsfoto.

Fryktar at skjermen tek frå barn viktige erfaringar

Det er svært mykje som ein slik telefon tek ifrå barnas oppvekst. Barn og ungdom treng søvn, fysisk aktivitet, konsentrasjon og fordjuping, keisemd og mentale pausar – og ikkje minst store mengder samvær ansikt til ansikt. Dei skal utvikle seg sosialt, emosjonelt, motorisk og kognitivt. Når ein teknologi tek fleire timar av døgnet og følgjer barnet overalt, må vi undersøkje kva den tida og merksemda blir teken frå. Ein forskar ved navn Bruce Perry meiner heile evna til empati er truga av skjermen. For å utvikle gode evner til å lese andres ansikt, kjenne kva som skjer på eiga innside og for å sjå korleis eg verkar på omverda må eg ha øvd i leik og samarbeid og hatt mykje kontakt med andre som kan gi meg det eg treng. Då kan eg ikkje sitte bøgd over ein skjerm og få desse ferdighetane fullt utvikla. Det er det eg er mest urolig for, at Bruce Perry kan ha rett. Han har blandt anna sagt at 18 åringer i dag har like mange samspelserfaringar som 6åringar for 20 år sidan. Då indikerer det at vi som folk kan risikere å ikkje bli iktig vaksne, men umodne, egosentriske, psykisk sjuke og meir sårbare enn vi hadde vore utan skjermen. 

Ellers er det utallige eksempel frå min jobb som psykolog og dei 550 andre psykologanes arbeidskvardag på at vi forsterker konflikter, fordommar og polarisering oss i mellom. Konfliktar som tidlegare kunne stoppe når skuledagen var slutt, kan halde fram heile kvelden og natta. Utestenging kan synleggjerast gjennom grupper og kartfunksjonar. Bilete, seksualisert eller valdeleg innhald kan spreie seg ekstremt raskt. Førre veke sat eg i eit panel om ekstremisme. Då vart det belyst kor utrolig enkelt og fort gjort det er å rekruttere marginaliserte barn frå einsemd til ekstremisme via ein smarttelefon. Berre å hente ungane ut, utan vaksne som passar på. Nokon i panelet meinte ei slik regulering som vi foreslår var veldig radikalt. Om vi no aldri hadde møtt på Apples oppfinning før og fekk høyre at slik grooming til for eksempel terrororganisasjonen IS var gjort på ei vekes tid, at det ikkje lenger er nokon forskjell på bygd eller by på kor beskytta du er etc, trur eg vi hadde meint det var meir radikalt å tillate verktøyet.

Annonse:

Men kva med skule, vener og tryggleik?

Ved ei slik endring må ein hensynsta og innføre endringar ulikt for dei aldersgruppene som allerede er avhengige og dei som ikkje enno har fått sin fyrste rustelefon i lomma. 

Som nemd finst det også gode løysingar for det som er meir ufarleg. Sjølv om eg trur at små barn ikkje skal ha eigne telefonar før dei går på ungdomsskulen. Men for dei eldste barna kan vi sjå for oss at dei kan ha telefonar der dei sender meldingar, har busskort, kan betale, høyre musikk, finne fram billettar etc. Dette finst no på marknaden. Då vil dei også kunne kommunisere med venner.  Dersom samfunnet set tydelegare rammer, må også skular, idrettslag og andre vaksne aktørar tilpasse seg. Dette fekk vi til før og vi lærte ein masse om kommunikasjon også av å ikkje ha smarttelefon. Det kan ikkje vere eit hinder at overgangen blir vanskeleg når vi har så mange holdepunkt for at dette på sikt ikkje er bra. Det er som å fortsette å røyke og drikke fordi det blir tøft med avrusning, å tisse i buksa for å halde seg varm. 

Meiner forskinga ikkje fangar heile biletet

Det er ganske mange som heng seg opp i at det ikkje finst klar forskning på om smarttelefonen fører til angst og depresjon. Men smarttelefonen har mange fleire sider enn angst og depresjonfaktorane. Den forskinga som tyder på at vi ikkje finn samanheng mellom uhelse og smarttelefon er sterkt kritisert av bl.a. SINTEF forskar Tobias Dahl. Han har kalla den null verd og publisert ein forskningskritisk artikkel om dette i det anerkjende tidsskriftet Nature. Hans hovudpoeng er at det vil vere store sosiale kostnader i den gruppa ein undersøker om dei er av dei få som ikkje eig ein smarttelefon. Kostanden av utanforskap var ein gong dårlegare for helsa enn røyken, på kort sikt. Det viste seg likevel at folk fekk lungekreft, for nok ein gong å bruke denne allegorien. Dette er altså eit forskingsfelt med nokre heilt spesielle metodeproblem. Vi studerer ofte smarttelefon og sosiale medium som om det var ei individuell eksponering: Vi samanliknar barn som bruker mykje, med barn som bruker lite. Men begge barna lever i eit sosialt miljø som allereie er endra av smarttelefonen og sosiale medium.

Barnet som ikkje har Snapchat, kan framleis oppleve at vennene organiserer seg der, at konfliktane går føre seg der, at sosial status blir skapt der, og at det kostar sosialt å stå utanfor. Då er barnet med låg bruk ikkje nødvendigvis ei reell kontrollgruppe.

Derfor må vi vere audmjuke begge vegar. Når ein studie finn små samanhengar, kan det bety at effektane er små. Men vi må også undersøkje om forskingsmetodane våre klarer å fange konsekvensane av ein teknologi som har endra heile det sosiale miljøet til barn og unge, ja oss alle. Vi veit i tillegg ei heil del om korleis ein barnehjerne utviklar seg og kva den treng for å vere sunn. Vi kan bruke denne kunnskapen til å vere føre var, og vente og ta meir kontroll over frisleppen. 

Og så meiner eg vi må løfte blikket frå berre psykiske diagnosar. Vi treng ikkje bevise at smarttelefonen fører til depresjon for å diskutere søvn, fysisk aktivitet, konsentrasjon, sosialt samvær, eksponering for skadeleg innhald eller kommersielle plattformer sin kamp om merksemda til barn.

Vi har på svært kort tid gjennomført ei enorm endring av oppvekstmiljøet til barn og unge. I samme tidsrom får vi dei PISAtala vi får, ser auka diagnostisering av barn med konsentrasjons- og reguleringsvansker, vi høyrer kor mykje raskare radikalisering kan gå. Skulane bekymrar seg for meir urolige barnegrupper. Vi ser framvekst av høgreekstremisme og polarisering i heile den vestlege verda. Vi har alle fått eit problem med vår eigen evne til å lese og konsentrere oss. Når konsekvensane potensielt kan vere betydelege, kunnskapen framleis er ufullstendig og det gjeld barn, meiner eg ikkje at usikkerheita automatisk er eit argument for å halde fram som før. Og så har du dei enkelte ganske grusomme historiene, som ein bare utan forskning veit at ein skal beskytte barn frå. Eksempelvis då politiet tok kontakt med ein ungdomsskule og advara lærarane om at det var umogleg å forhindre uendeleg med opplastningar av ein mann som skøyt av seg hovudet. Dette fekk mine barn og alle andres barn rett i fleisen på ein vanleg dag. Lærarar, foreldre og andre vaksne i barns liv står numne og hjelpelause i denne situasjonen. Det er ikkje sikkert det kan visast i eit stort RCT-stuide at det gjorde noko med barnet mitt eller ditt. Det er ikkje sikkert det ville vore så lett å oppdage jenta på 13 som veks opp utan god omsorg og som vert grooma til å ligge med ein framand mann på 39 via ein SoMEplattform heller. Vi hadde ikkje gjort dette lovleg, så kvifor la det fortsette, det løyser seg ikkje av gode haldningar og intensjonar. Det løyser seg av at vi bygger ei trygg lovgrense rundt alle barna. Noko anna vil vi angre på og sjå tilbake på som frytkelig fryktelig feil, dette veit eg ikkje, men eg trur og meiner det, veldig sterkt. 

Del artikkelen
Facebook X E-post
Forrige
Forrige

Laveste arbeidsledighet i fylket på nesten to år

Neste
Neste

Gledelig å se at Molde skinner som aldri før