31 forfattarar frå Møre og Romsdal skriv til deg.
Hør smakebitar frå fire av dei.
"Flyge lågt over fluda" er den ferske antologien frå Møre og Romsdal forfattarlag. Med tekstar i ulike sjangrar speglar denne boka eit mangfald av stemmer med røter i fjordar, fjell og ope hav.
Boka blir lansert på kulturhuset Plassen, der fire forfattarar frå fylket les eigne tekstar:
Kristin Maridal frå Raudsand, romanforfattar og journalist busett i Ålesund.
Øystein Hauge, poet, sentral skapar og framsnakkar av litteratur i Romsdal.
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, prisvinnande ungdomsforfattar frå Valderøya.
Svein Sæter, nordmøring på ustø kurs mot sin første roman og programleiar for arrangementet.