KREATIVFYLKET MØRE OG ROMSDAL VOL. 2 • MOLDE
10 år etter første utgåve brakar det laus igjen! Kreativfylket skal samle kreative næringar på tvers av Møre og Romsdal. Frå Volda, via Ålesund, til Molde og Kristiansund.
📍 Neste stopp: Die Tankstelle i Molde, 28. oktober!
Kva skjer når kreative hovud møtest, deler erfaringar og utforskar nye moglegheiter? Vi inviterer til ein kveld med inspirasjon, fagleg påfyll og nye relasjonar på Die Tankstelle!
────────
Denne kvelden får vi møte to spennande aktørar:
🎤 Margit Klingen Daams • Tidlegare leiar for Innovasjon Noreg si satsing på kreativ næring
Margit leia Innovasjon Noreg si satsing på kreativ næring frå 2013 og har lang erfaring med utvikling av kulturelle og kreative næringar.
Kva har vi lært av tidlegare satsingar, og kvar står vi i dag? Kva skal til for at fleire kreative verksemder kan vekse og nå ut i verda?
Margit deler erfaringar og perspektiv på utfordringane og moglegheitene som ligg framfor oss, frå internasjonalisering og eksport til europeiske støtteordningar.
🎤 Myldr • Festivalar og sosiale møteplassar i Molde
Korleis skaper ein møteplassar som samlar folk, byggjer fellesskap og gir rom for nye opplevingar? Vi får bli betre kjende med Myldr, som utviklar festivalar og sosiale møteplassar i Molde. Dei gir oss eit innblikk i arbeidet sitt og korleis dei bidreg til å skape liv og aktivitet i byen.
────────
Frå inspirasjon til nye relasjonar!
Etter historieforteljing og fagleg påfyll går vi over i nettverksmodus! Gjennom ein uhøgtideleg spørsmålsrunde blir de utfordra til å bli betre kjende med kvarandre, dele erfaringar og utforske nye moglegheiter.
Kven veit? Kanskje finn du ein framtidig samarbeidspartnar, får ein ny idé eller møter nokon med akkurat den kompetansen du treng?
────────
Vi rundar av med mingling, snacks og drikke.
Vel møtt til ein kveld med inspirasjon, kunnskapsdeling, nye relasjonar og gode samtalar!
🎟️ Arrangementet er gratis, men krev påmelding: https://forms.gle/1jWTR6Z4joL5ipkB6
────────
Arrangør: Sunnmøre Kulturnæringshage i samarbeid med Vindel, Protomore og Nordveggen.
Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.