Listen To The Band kommer tilbake til Brygga Lørdag 5.Desember!
Stikkord: Trøkk. Samspelt. Speleglede. Dei beste coverlåtane. Rock, pop, funk, R&B. Glade gutar som ikkje har skjønt at alle unntatt vokalisten har passert 50.
Listen to the Band såg dagens lys i 2001, og har spelt utan stans sidan. Alle desse åra har gitt dei ein status som eitt av dei mest brukte banda på Nordvestlandet.
Bygdadans, events, pubjobbar, afterski, julebord, skipsdåpar, festivalar… Listen to the Band har vore der, igjen og igjen.
Forvent å sjå og høyre reindyrka og smittande speleglede frå første til siste riff.
Listen to the Band:
Gard Eirik Austrheim: Vokal og gitar
Sigbjørn Follestad: Vokal og gitar
Bottolf Lødemel: Keyboards og vokal
Frode Sundnes: Trommer
Atle Braute: Bass og vokal
CC: 200 kr - billetter kjøpes i døra
ID: 20 år