Tilbake til alle arrangementer

Opphavet og utviklinga av seterbruket i Møre og Romsdal

  • Nesset bibliotek 2 Kråkholmvegen Eidsvåg i Romsdal, Møre og Romsdal, 6460 Norway (kart)

Opphavet og utviklinga av seterbruket i Møre og Romsdal

I dei eldste kjeldene om setrene, heilt tilbake til mellomalderen, heiter det at seterbruket skal vere som det har vore frå gamal tid. Men kor gamal er eigentleg seterbruket, kva for nokre faktorar var det som låg bak etableringa av denne driftsforma, og korleis har bruken av fjellbeita utvikla seg frå dei første husdyra kom hit i slutten av yngre steinalder og fram til det nådde sitt høgdepunkt på 1800-talet. Seterbruket som har stått så sterkt her i fylket, står no også på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv.

Kristoffer Dahle er arkeolog/rådgivar ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og avla nyleg eit doktorgradsarbeid om dette. På bakgrunn av eit bredt spekter av nye og gamle metodar, som han nytta i sitt nyleg avlagte doktorgradsarbeid, vil han tilnærme seg desse spørsmåla og presentere ei samla framstilling av seterbrukets opphav og utvikling - med særleg vekt på forhold i Møre og Romsdal.

Forrige
Forrige
24. november

Pubquiz på Tapp & Kork

Neste
Neste
25. november

LIMR: Sverre Diesen - Vestens skjebnetid