Tilbake til alle arrangementer

Tonje Glimmerdal

  • Teatret Vårt 1 Gørvellplassen Molde, Møre og Romsdal, 6413 Norway (kart)

Tonje er på mange måtar Norge si Pippi Langstrømpe. Ho er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett, der ho herjar nedover fjellsidene på ski. No nærmar det seg jul i den vesle dalen.

Alle likar Tonje, unntatt den kyniske business-campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje born i det heile teke og har innført forbod mot born på det han kallar ”Hagen-Helsecamping”. Tonje sin bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år. Dei to kjenner kvarandre ut og inn – eller gjer dei eigentleg det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten fot, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, og det blir ein kamp for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: 'Fart og sjølvtillit'.

Tonje er ikkje ei jente som gjev opp lett. Ho veit å ta ting i eigne hender og forvandle det vonde til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Ho er snart ti år gamal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre! Vil Tonje rekke å ordne opp i alle problema før julefreden kan senke seg?

Tonje Glimmerdal på Teatret Vårt er ei heilt ny forestilling basert på den kjende og godt likte romanen, og hadde premiere i november 2024. Kjersti Sandal har skrive ein nær og stemningsrik versjon som finn stad i julehøgtida. Anne Wiig spelar Tonje Glimmerdal med varme, humor og action i denne spektakulære forestillingen. Sindre Klykken har skrive musikken, akkompagnert på fele av Britt Elise Skram, medan scenograf Dagny Drage Kleiva har trylla fram ei leiken og fantasifull verd som vil fenge og fortrylle publikum.

Billetter finner du her.

Forrige
Forrige
16. desember

Tonje Glimmerdal

Neste
Neste
18. desember

Den vesle bygda som gløymde at det var jul