Olav Drangeids tilsvar til MoldePuls` leder

La meg begynne med å seie takk for at dokker tar tid til å engasjere dokker og nyanserer ein innflyttars skråblikk. Det må vere sagt at bidraget mitt var spissa, nettopp for å skape engasjement. I etterkant har eg sjølv erkjent mange av nyansane som er løfta opp. Eg har også tatt til orde for å møtes på ein praktisk og realistisk middelveg. Det er ingen tvil om at vi må jobbe saman for eit trivelegare og meir moderne sentrum, på tvers av ytterpunkta og politiske skilje.

Det er sant at Nord-Jæren og Molde ikkje er vidare enkle å samanlikne, sjølv om det kan vere mykje å lære frå kvarandre. Ein kan likevel finne fleire andre byar som liknar meir. Haugesund, Lillehammer og Hamar har dei siste åra revitalisert byromma sine med enkle grep og mikrourbanisering. Små steg. Tydelege prioriteringar. Nær dialog mellom kommune, næringsliv og frivillige. Forskingssamandrag frå Noreg viser at slike steg kan skape meir liv utan dei store kostnader, og at fleire mindre prosjekt med breie partnarskap skapar lokalt eigarskap og driv (Knapskog, Skartland og Rynning, 2023; Vestby, 2018).

Eg vil også takke for at dokker sjølv bidrar til å sette trafikk og Storgata på dagsorden. Her finst ein god middelveg. Tidsavgrensa stenging når kapasiteten tillater det må vere mogleg å få til, men også einvegskøyring kan bidra noko. Leveringsvindauge tidleg på dagen. Tilkomst for bebuarar, varetransport og naudetat. Dette er løysingar som er godt utprøvde i små og mellomstore byar i både Noreg elles i verda, og som vanlegvis fungerer nettopp fordi dei er fleksible og pragmatiske (National League of Cities, 2020, 2023). Ein ville også kunne funne løysingar for varelevering til for eksempel Kirppis ved å tenke strategisk rundt desse vindauga men også nye tankar om kor ein kan plassere eit sosialt og berekraftig tyngepunkt som Kirppis i byrommet.

Olav Drangeid. Foto: Privat.

Økonomi er viktig, men kan ikkje vere det einaste spørsmålet. Ein må òg vekte fellesskap, trivsel og sosiale verdiar dersom målet er eit moderne og sosialt byrom. Ein ser at betre forhold for gåande, fleire møteplassar og variert førsteetasjebruk gir meir bruk av sentrum og sterkare stadidentitet over tid (Hagen, Øksenholt og Tennøy, 2017; Hagen, Tennøy og Knapskog, 2019; Vestby, 2018). Små kafear, vinbarar og verkstader kan dessutan vere økonomisk berekraftige nettopp fordi dei er små, har avgrensa areal og ofte berre ein tilsett på vakt. Slike konsept er ein viktig del av miksen.

Eg vil også understreke at eg set pris på det vi har. Chateauparken er mi personlege oase i sommarhalvåret. Fole Godt er heilt fantastisk. Samstundes saknar eg nokre stillare og meir intime rom i sentrum, nett dei romma som senkar skuldrene og gjer at ein blir verande litt lenger. Sjølv ikkje Fole Godt kan skilte med det, då det er høgt lydnivå og lite rom mellom sittegruppene når det er mange gjester.

Lesarinnlegget har også ei kopling til ein større samfunnsdiskusjon. I ein annan artikkel 6. september blei peikt på at Molde må kjempe hardt for kvar tilflyttar, og at mange studentar flyttar ut raskt etter studietid (Nergaard, 2025). Eg meiner at eit meir moderne og sosialt sentrum kan vere ein del av svaret på kvifor unge vaksne ikkje blir verande. Dersom det er tvil om Molde svarar ut behova og forventingane til tilflyttarar meiner eg at ein må sjå nærare på det. Ein har ikkje råd til å tape den konkurransen på sikt.

Til slutt vil eg løfte fram lesarundersøkinga frå lesarinnlegget mitt, der om lag 70 prosent av over 600 lesarar stemte for at dei er for ei gågate i Storgata. Det tyder på ei vilje til å tenkje nytt, utan at løysinga treng å vere å absolutt i andre enden av skalaen. Ein kan starte med lågt hengande frukter. Test helgestenging eller nedjustering i rolege periodar. Få med studentane til å utvikle byrom sjølv, og sørg for at dei høyrer heime der. Gi små konsept og frivilligheit meir plass i førsteetasjar. Mål effekt, lær og juster.

Takk for at dokker tok ballen. La oss fortsette samtalen og ta den inn i konstruktive spor. Ikkje minst oppmuntrar eg alle som engasjerer seg til å svare på kommunen si høyring om ny arealplan 2028-2040 (frist desember) og den tilhøyrande høyringa på planprogrammet (frist 15. september).  

Referansar

Hagen, O. H., Øksenholt, K. V., & Tennøy, A. (2017). Kunnskap og virkemidler for byutvikling og fortetting (TØI-rapport 1612/2017). Transportøkonomisk institutt. https://www.toi.no/getfile.php/1346871-1516364629/Publikasjoner/T%C3%98I%20rapporter/2017/1612-2017/1612_2017-elektronisk.pdf

Hagen, O. H., Tennøy, A., & Knapskog, M. (2019). Kunnskapsgrunnlag gåstrategi (TØI-rapport 1688/2019). Transportøkonomisk institutt. https://www.toi.no/getfile.php/1349826-1550488344/Publikasjoner/T%C3%98I%20rapporter/2019/1688-2019/1688-2019-elektronisk.pdf

Knapskog, M., Skartland, E. G., & Rynning, M. K. (2023). Mikrourbanisering på norsk. Eksempelsamling (TØI-rapport 1947/2023). Transportøkonomisk institutt. https://www.regjeringen.no/contentassets/b8c6c4c058764f6dba993a31d38c691d/mikrourbanisering-pa-norsk-eksempelsamling-toi-rapport-1947_2023.pdf

National League of Cities. (2020). Streets as connectors: Pedestrian zones in cities. https://www.nlc.org/wp-content/uploads/2020/01/CS_PedestrianReport_Final_WEB.pdf

National League of Cities. (2023, 13. september). Pedestrian zones are here to stay. https://www.nlc.org/article/2023/09/13/pedestrian-zones-are-here-to-stay/

Nergaard, R. (2025, 6. september). Molde må kjempe ekstra hardt om hver tilflytter [nyheitsartikkel]. Romsdals Budstikke. https://www.rbnett.no/nyheter/n/mPArB1/molde-maa-kjempe-ekstra-hardt-om-hver-tilflytter

Vestby, G. M. (2018). Fra sentrumsdød til sentrumsglød. Følgeforskning av pilotprosjektet «Levende lokaler» (NIBR-rapport 2018:6). OsloMet/NIBR for DOGA. https://doga.no/globalassets/fra-sentrumsdod-til-sentrumsglod-nibr-rapport-2018-6.pdf

Forrige
Forrige

Den triste, grå, døde byen ved havet? NOT!

Neste
Neste

Ekstrakonsert for Highasakite