Arne Ruset tildeles Heder og ære-prisen
Solum bokvennen melder i dag at forfatter og poet Arne Ruset fra Molde er tildelt prisen «Heder og ære» for diktsamlingen «Reisen il Mjuk».
Bekjentgjørelsen ledsages av følgende tekst:
I grunngjevinga løftar Molde Mållag fram korleis Ruset sitt forfattarskap er «kulturelt forankra til kvardagen og livet i bygda», og korleis han gjennom dikt, krim og roman leier lesaren inn i «rik litteratur og ei glede over språket».
Arne Ruset til venstre, her fra en tidligere anledninge sammen med deler av områdets øvrige forfatterelite; Øystein Hauge, Knut Ødegård, Kjell Erik Strømskag og Endre Ruset, har mottatt Heder og Ære-prisen fra Solum bokvennen. Foto: Samuel Pettersson.
Reisa til Mjuk er ei djupt personleg samling, skriven i kjølvatnet av alvorleg sjukdom. Dikta spring ut av erfaringane etter at Ruset vart kreftsjuk i 2023, og skildrar ei poetisk reise gjennom smerte, uro, sårbarheit – og lys. Som ei form for eigenterapi byrja han å skrive ned minne, syner og tankar frå sjukehusopphaldet.
Resultatet er dikt som rører ved noko grunnleggjande menneskeleg: frykta, håpet og takksemda over livet.
Mirakel
Å vakne til ein ny dag
du eigentleg ikkje skulle ha fått.
Å sjå inn i ansikt
du eigentleg aldri meir skulle få sjå.
Å la seg overrisle av timar og minutt
som først melde avbod,
men som likevel kom i gåvmild overflod.
Å legge vekk strevet
med å forstå alt,
halde ope hus
for gleda over lyset
som jagar skuggane kring deg
unna.
MoldePuls stiller seg i rekken av gratulanter!