Mitt kulturliv: Mads Langnes
Foto: Privat.
Skriv gjerne et par linjer om deg selv:
Historikar/forskar ved Romsdalsmuseet, faglitterær forfattar. Likar å lese, skrive, køyreturar på Vestlandet, ferjeturar til øyer og reiser i Europa. Bur saman med døtrene mine Augusta og Hedvig i Molde, men er opphavleg gardsgut frå fjordstrøka i Rauma.
1. Hvilken artist låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen: Røyksopp er ein evig favoritt, og også generelt er eg glad i elektronika langs aksen Tromsø-Bergen-Frankrike. Britisk musikk frå 1980- og 90-talet er nok like godt representert på spelelistene, med Suede, Pulp og The Smiths som eit evig lydspor til livet.
2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?
Tarjei Vesaas sin både vakre og såre roman «Fuglande» var nok skjelsettande for å vekke leselysten i ungdomen – kanskje saman med «Fred» av Arne Garborg. Generelt slit eg litt med at eg sjeldan kjem meg fram til samtidslitteraturen, sidan eg likar å «ta ting i rekkefølge» og lese klassikarane først.
Likt med når det gjeld musikk og film har eg nok mitt hjarte langt meir i europeiske kulturuttrykk enn i populærkulturen frå «den nye verden». Det ein mest kan kalle sjangeren «den store europeiske romanen» er eit skattkammer, der eg kan tilrå store leseopplevingar som «Trolldomsfjellet» av favorittforfattar Thomas Mann og ein evig aktuell murstein som «Verden av i går – en europeers erindringer» av Stefan Zweig. Eg vil driste meg til å seie at det blir ikkje skrive slik litteratur meir!
Skal ein likevel ta steget ut i nyare litteratur las eg nett «Faserland» av Christian Kracht, noko som må seiast å vere ei slags blanding av ein tysk, borgarleg versjon av Trainspotting og det greske eposet Odysseen. Les den, det er gjort på ein regnvêrsdag!
3. Beste film eller serie?
Britiske seriar med handling frå Oxford, vakre landsbyar eller rurale landskap sett eg stor pris på, likt med alt som har med seriar frå Færøyane, Shetland, Orknøyane, Alpane, Nord-Spania og Balkan å gjere – då er landskapa nesten viktigare enn kvaliteten på handlinga. Men eg kan vere lett på avtrekkaren også, og seier aldri nei til ein real cowboyfilm!
4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?
Vinter og snø er ikkje noko for meg. Men samstundes; tida som ventar gjer det nesten berre endå trivelegare å trekke inn på ein av byens skjenkestover og kaféar, eller kome inn på eit av dei makelaust mange og gode kulturarrangementa i byen.
5. Hvor går du helst når du spiser ute?
Så lenge dei har blåskjell, kan eg gå kvar det skal vere! Og treng ein kraftigare kost så er jo torsdagsmiddagen sikra med knallgod potetball i Kafé Mali på Romsdalsmuseet! Blir ein ikkje mett då, så skal eg personleg by på ein ekstra middag!
6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?
I Molde og Romsdal er det jo ei utbreidd misoppfatning at ein kvar tur både må starte i motbakke og må vere kledd i allværsjakke. Eg vil difor minne om at ein tur også kan vere ein velkledd tur ut på byen, eller ein tur ned til fjorden og barndomsklassikaren mållaus vandring langs fjøresteinane. Skal ein lengre, så er Veøya med middelalderkyrkja (frå 1100-talet!), prestegarden og kulturlandskapet det desidert vakraste reisemålet i Romsdal. Aller mest er eg likevel på Veiholmen på Smøla der mi kjære mor kjem frå, og der er det også eg har kjærleiken til øyer, bølgjer og hav frå. Dette er ein unik, tettbygd «havets hovudstad» ein berre må oppleve om ein ikkje har vore der før, der den framstår som ei salig blanding av eit norsk fiskevær og ein røvarlandsby på Sicilia.
7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden:
Her vil eg trekke fram kantonen Ticino i Sveits som ein forsmak på himmelrik, der den ligg og balanserer mellom Alpane og Posletta. Sveitsisk orden og presisjon, norditaliensk klima og påverking på menyen.
Cornwall heilt sørvest i England er også eit landskap som byr på mykje, frå døsige fiskarlandsbyar med palmer til nydelege togstrekningar i Postman Pat-landskap. Og København. Alltid København. Tenker på den som hovudstaden vår, sjølvsagt.
8. Hva er det beste med å bo i Molde?
Kulturlivet, utsynet og mykje gode folk, rett og slett.
9. Hva er det verste med å bo i Molde?
Eg er glad i å reise og eig ikkje flyskam, så må innrømme eg saknar våre vennar i SAS på Molde lufthamn. Men me får leve i håpet. Eg saknar nok av og til det vestlandske også. Trass i at byen ligg på Nordvestlandet, kan den nok av og til framstå meir som ein vestfoldby enn ein vestlandsby. Med det blir det for lite vestlandsk ironi og tvisyn, noko ein som kjent totalt manglar på Austlandet og som ein gjerne kunne hatt litt meir av i «austlandsversjonen» av Molde.
10. Hvem vil du utfordre i Mitt kulturliv?
Mine desiderte førsteval hadde vore Maradona, Tintin eller Robin Hood, men i deira fråvær går me for platebarbaron Ole Espen Hellevik Jensen som eit heiderleg alternativ!
Vi synes det ville være hyggelig om også du som leser vil være med i “Mitt kulturliv”. Du må gjerne svare på spørsmålene i denne linken.