Mitt kulturliv: Marie Durdei Midtsund


Foto: Privat.

Skriv gjerne et par linjer om deg selv; hvem du er, hva du gjør, hvor du bor.

Eg er psykolog, bur i Molde, jobber i Aukra kommune med barn og unge. Synger ellers i Amtmann Leths Døtre og er gift med Bård og mor til tre barn på 15, 13 og 8 år.

1. Hvilken artist låt eller plate har betydd mest for deg? Fortell gjerne hva du hører mest på nå om dagen.

Det er så mange plater som har betydd masse for meg. Men som psykolog er det lett å henvise til tenåringens ekstremt mottagelige og formative år. På mange nivå blei da Rage Against The Machine viktig for ein ung og innbilt revolusjonær. Eg kan fortsatt bruke "killing in the name of" som ei kilde til kraft før vanskelege møter, eller som fagvitne i rettsakar. Ellers ble det også spilt mykje The Doors, Roxette, Skunk Anansie, The Cardigans, Beastie Boys og Alanis Morisette på jenterommet den gongen. Kva eg hører mest på nå-det er vel egentlig Kpop Demon Hunters med dottera mi i bilen. Skal eg høyre noko for å høyre sjølv kan det bli ei salig blanding av elektronika og visesang. Da kan det vere kveding og bass om kvarandre. Eg blir slått i bakken av lokale jazztalenter som Herskedal og Kvernberg, men kan også få skikkelig fot av Modeselektor med The Dark Side of the Moon og gi meg alltid litt Stromae i monitor. Nå nærmar det seg jol, og då vil eg alltids høyre Sondre Bratlands joleplate og grinande lengte meg heimover til snø og granskog i Telemark (jmf diktet til Tarjei Vesaas) . Ellers er låter som "grown up" av Emilie Nicholas, Imogen Heaps "hide and Seek" og Highasikites "God dont leave me this way" mine tre gråte-slipp-sanger for nervesystemet, slike låter trenger ein terapeut som meg å ha til eigen kropp for å holde ut å ha meldt seg til tjeneste som hjelper.

2. Hvilken bok har betydd mest for deg, og hva leser du nå om dagen?

Igjen betydde ting mest då eg var ung. Den boka som er min jungianske urbok er faktisk Mio min Mio. Eg var eit barn med mykje mørkre i meg og det å lese det fyrste dramatiske kapittelet om Bo Vilhelm Olsons forsvinning og seinere den åpenbart traumatiserte farlige diktatoren ridder Kato gav dyp forgapelse og tilfredstillelse. Det var så bra å lese ein forfattar som tok mitt barnealvor så på alvor. Akkurat no les eg aviser, eg abonnerer på Dag og Tid, Morgenbladet, Aftenposten, Romsdals Budstikke og Vest-Telemark Blad. Eg likar dei best på papir. Ellers les eg om dagen "dei sju dørene" av Agnes Ravatn, nettopp ferdig med morosam thriller av Ruth Lillegraven, og før det var det Marit Eikemo. Gi meg ein nynorskskrivande kløktig vestlending og eg er med!

3. Beste film eller serie?

Eg held meg visst til svenskane og vil her framsnakke "Vår tid er nå" som min favorittserie. Historisk familiekrønike over generasjoner og tiår. Ellers er eg så utrolig berørt av "Pørni". Realismen og hjertet som er tiltstades i den serien er verkeleg tett på livet som helsearbeidar/omsorgsarbeidar i Noreg. Her er det fokus på essensen av kva slike jobbar er for noko og kva det krev av folks kropplsege budsjett.

4. Er det noe spesielt du ser frem til i Moldeområdet i tiden som kommer?

Eg ser fram til Highasaikite i Molde i november. Samt eigen jolekonsert i desember! Amtmann Leths Døtre og Bård Watn synger joli (slik seier eg det) inn på Die Tankestelle. Ellers er jo Molde ein utruleg metta kulturby. Skjønte her om dagen at eg klare å gå glipp av Real Ones, Valkyrien Allstars og Jan Erik Vold innanfor eit kort tidsrom i Molde by. Det er så ikkje folk frå Oslo kan fatte at går an på ein plass som denne. Eg rekk rett og slett ikkje alt eg vil oppleve, for ein luksus.

5. Hvor går du helst når du spiser ute?

Eg elskar Køl. Eg trur det er plassen som gir meg mest kjensle av noko kontinentalt, samt at dei som jobbar der er gode på det dei gjer, både servering, fortellingar og matkunst. I tillegg er Guru familiefavoritten og eg har enno ikkje smaka betre Korma enn der andre stader. Smile må også med. Og ikkje minst, ballbuffet på Skaret. For ein fin og svært mettande aktivitet det er å dra dit på ein torsdag.

6. Har du noen favorittur du vil anbefale i nærområdet?

Moldemarka er ein av mine aller beste venninner. Eg elskar Moldemarka i bekmørket, i tåka, i kleggvarmen, eg elskar Moldemarka både naken og rå og lun og snøkledd. Det er uendelege måtar å finne terapi på i Moldemarka for meg. Det å gå ut med eller utan ski på beina mine og finne pause og sanserikdom og trim her er mi kvardagsanbefaling nummer ein. Hvis eg skulle velge, må det vere nykjørt minus fem, solskinn og langrennsski på beina frå heime på Kringsjå og opp til Moldevatnet.

7. Favorittreisemål? Uansett hvor i verden.

Kviteseid i Telemark. Det er heimstaden min. Eg tenker sjølv at eg bur der 10 prosent. Brygga til mamma og pappa ved Telemarkskanalen både når det er svømmevarme og når det er skøyteis er min farvorittstad. Det handler delvis om brygga og kanalen, men aller mest om tilknytning og storfamilien av foreldre, sysken, tanteungar, svigers og femti andre nære, glodvarme slektningar eg har vekse opp med.

8. Hva er det beste med å bo i Molde?

Molde er eit slags bybygdaktig konsept som fell veldig i smak for meg. Det betyr noko at kvar og ein bidreg, det betyr noko at kvar og ein møter opp på kulturelle tilbod, ein kjenner folka rundtom, samstundes som det er stort nok til at det går an å jobbe på kafe og drive med andre aktiviteter enn bare fotball og friluftsliv, her er jo både basket, fekting, kunst og teater for dei som veks opp og koselegast av alt finst det ting som diktgruppe for pensjonistar. Samt uendeeleg mykje meir. Borgertoget på 17.mai får meg til å stortute over foreningar og lag og folk som jobbar på for interesser og felleskap. Her er fjell men utan trang utsikt, og hav med potensielle badetemperaturer og besøk av kval. Ikkje til å tru for nokon som meg frå innlandet. Det er rikt både på idrett, natur, kultur og folk. Molde er ganske så utruleg.

9. Hva er det verste med å bo i Molde?

Her tør eg nesten ikkje byrje som innflyttar. Men heilt politisk korrekt kan eg sei avstanden til Kviteseid og familien min. Det er alt for langt hit frå der eg kjem frå. Det kan ingen bli lei seg av at eg meiner. Eg kunne ha sagt noko om det eg av og til kjenner sjølv og det eg kjenner frå mange år i eit terapirom og i oppvekstsektoren, at fine sider som ambisjoner og rikdom som Molde har så mykje av, kan gi overslag som fasade og egoisme. Det kan gi utenforskap og det er mange som veks opp her som eg tenker ikkje har det bra nok og som vi som felleskap ikkje har klart å sjå nok og tatt felles ansvar for. Eg tenker at frivilligheten og idretten har eit spesielt ansvar, og det er jo i grunn foreldra det da, inkludert meg sjølv, har forbetringspotensiale her. Er det noko som kan auke innbyggertalet i byen, er det at folk vil kome heim att, eg kjenner alt for mange som ikkje ynskjer det, det synest eg vi aldri kan reflektere nok over. Representasjonar av byen i eit barnesinn sit heile livet, slik Mio min Mio sit i mitt. Eg synest også at det er for få kritiske stemmer til den uhelsa eg tenker følger med av ambisiøs talentjakt i idretten til dei oppveksande barna her. Ikkje berre til dei barna det satsast på, men til også alle dei andre barna som må omgås slike satsemiljø. Kva slags sosiale konsekvenser har idrettselitismen for eit klassemiljø feks. Det hjelper vel heller ikkje at kommunens økonomi gjer det lettare å ende med kutt i oppvekstsektoren. Forebygging er jo besparande, det er lett å gløyme for eit kommunestyre og byråkrati som sit langt frå klasserommet. Og det er lett å gløyme for ambisiøse idrettsmiljø. For å moderere meg er det kanskje mer nasjonale enn lokale fenomener dette med rikdom og elitisme

10. Hvem vil du utfordre i Mitt kulturliv?

Eg vil utfordre ein nydeleg innflyttar, Kalle Skogsberg. Han har flytta hit frå Stockholm, reist herifrå til København og komme tilbake, endt med å ville bli her med familien sin. Moro å høyre kva han ser og opplever i byen vår. Ellers utfordrer eg gjerne min eigen mann til å seie noko om Molde anno 2025, Bård Lyster. Og så vil eg utfordre Heidi Bjørnerem, ei spanande dame som var avgjerande for at eg blei Moldenser, då ho utlyste og ansatte i ein spanande psykologstilling her i 2009. Til slutt vil eg utfordre dei som har vore avgjørende for at eg har blitt buande her, takket være deira sjeler og vårt felles kunstarbeid i Amtmann Leths Døtre: Ragnhild Barra Wisløff og Marit Moum.


Vi synes det ville være hyggelig om også du som leser vil være med i “Mitt kulturliv”. Du må gjerne svare på spørsmålene i denne linken.

Neste
Neste

Trygve Fiske Sextett kommende torsdag i Molde: Et band som kan gløde i alle temperaturer