Sondre Ferstad: En forestilling om å lage noe vakkert – sammen

Pieces Of Wood
Foto: Thor Egil Leirtrø

Med Pieces Of Wood inviteres publikum inn i en forestilling der musikk, trearbeid og live videokunst smelter sammen til ett helhetlig uttrykk. Inspirert av håndverket, skogen som økosystem og ønsket om å la ulike kunstformer improvisere i samspill, har prosjektet utviklet seg til en sanselig og fortellende opplevelse.

- Eg har med vilje skrive inn parti som er veldig lågmelte, der Tore har, kva skal ein kalle det, ‘spikkesolo?’, forteller Sondre Ferstad

Annonse:

Hvordan oppstod ideen til Pieces Of Wood – og hva var det ved kombinasjonen av musikk, trearbeid og live videokunst som gjorde at du ønsket å utvikle dette som én samlet, audiovisuell forestilling snarere enn en tradisjonell konsert?

Idéen kom då eg jobba som kunstnarassistent for Tore Reisch. Eg hjalp han ein sommar med å lage ein treskulptur. Då hadde Jazzfest akkurat spurt meg om å skrive eit bestillingsverk. Når eg såg på at Tore skar fine flak av trespon med knivane sine tenkte eg at det var som å bla i ei bok, at kvart spon var som ei eiga side, med sitt unike mønster. Eg tenkte at det var godt å sjå på nokon som lagar noko vakkert. Den neste tanken var at det hadde vore kult om fleire kunne få sjå – og så kan eg skrive musikk til som kan passe! Deretter kom idéen ganske fort om å få med nokon som kan fange dette på film – live, og projisere det på veggen bak slik at alle kan «henge over skuldra til Tore».

Eg likte også tanken på å la kunstnarar frå ulike felt improvisere saman. Sjølv om alle har ein plan, er det stor improvisatorisk fridom både for trekunstnarar, musikarar, videokunstnarar og lydteknikarar!   

Musikken er komponert som ett langt verk med gjennomgående motiver. Hvordan har du arbeidet tematisk og dramaturgisk for å sikre at både det musikalske materialet og det visuelle uttrykket oppleves som en helhetlig fortelling?

Sondre Ferstad
Foto: BERRE

Verket spring på mange måtar ut frå nest siste låt på konserten, som heiter Mother Tree, inspirert av den kanadiske forskaren heiter Suzanne Simard, som fann opp begrepet. Eit Mother Tree forsyner naboane sine med energi gjennom røtter og avanserte soppnettverk, og det kan til og med varsle om sjukdommar! Dei store trea tek vare på dei små, ein slags familie altså – i alle fall i gammelskog og urskog der ein har stort artsmangfald! Eg har funne mykje inspirasjon til tekstane i verket herifrå, det opplevast meiningsfullt å forestille meg at skogen er ein stor familie og korleis eit tre tek vare på spirane sine. Det er jo frå skogen at materiala våre kjem frå, våre «Pieces of Woods» som vi lagar alt mulig av, og ved å bli meir kjent skogen, trur eg vi kan få meir respekt for dei tinga vi lagar og at vi kan ta betre vare på dei – for då trur eg at vi kan ta betre vare på skogen også!

Låta Mother Tree er ein dedikasjon til mi eiga mor – ho er eit skikkeleg Mother Tree som har tatt vare på meg og brødrene mine. Og på same måte som at eit Mother Tree gir næring og beskyttelse til andre tre, har låta mother tree gitt musikalsk næring til dei andre låtane. Mother Tree-akkordane går igjen i mange av låtane og det viktigaste motivet i Mother Tree-melodien har snike seg inn her og der. Det er noko fint med å kjenne igjen noko. Christian Wallumrød gjer det på platene sine, gjerne fleire takes av samme låt på same plate. Første gongane eg høyrte dei platene tenkte eg: «oj, dette har eg høyrt før». Og ja, du gjorde det – for ca 13 minutt sidan! All god filmmusikk har jo også dette i seg – og eg tenkjer at det kanskje kan gjere at lyttarane kan kjenne seg litt heime i musikken. Men akkurat kva dei som høyrer på kjenner og føler legg eg meg ikkje bort, eg har berre skrive musikk eg synast er fin også kan den få stå for seg sjølv. Eg må jo også få seie at eg synast det har blitt veldig fine låtar, musikarane tolkar materialet på ein veldig flott måte! Og til den som synast det verkar litt sært heile denne greia, så vil eg jo beskrive musikken som melodiøs og med massevis av fine akkordar – men med min eigen finurlege vri.

 

Trekunstner Tore Reisch arbeider fysisk på scenen, og lydene fra trearbeidet blir en del av lydbildet. I hvilken grad er dette integrert i komposisjonen – er det strukturert og planlagt, eller finnes det rom for spontanitet og improvisasjon mellom håndverk og musikk?

Ja og ja! Eg har med vilje skrive inn parti som er veldig lågmelte, der Tore har, kva skal ein kalle det, «spikkesolo?», hehe. Også har vi mikka opp (festa ein kontaktmikrofon på) skulpturemnet hans, slik at Torsken (lydtekniker) kan leike med lyden hans og blende den inn i ensemblet. Eg har berre sagt til dei litt kva eg tenkjer, også der det opp til dei korleis spikkinga blir frå konsert til konsert! Og ikkje minst kva slags skulptur Tore ender opp med å lage!

Verket ble bestilt av Trondheim Jazzfestival og hadde premiere på Trykkeriet Scene i mai 2024. Hvordan har forestillingen utviklet seg siden urfremføringen – har den endret karakter gjennom møte med ulike rom og publikum?

Vi har hatt ein konsert sidan premiera, og det var på verkstaden til Tore. Vi fekk klemt inn musikarane mellom skulpturar og høvelbenkar, vi lagde publikumsbenkar av materialer som no har blitt ein skulptur som står på Stord, og hadde ein kjempefin konsert der i regi av Trondheim Jazzforum. Men naturleg nok har ikkje konserten hatt tid til å evolvere noko særleg. Men eg har hatt tid til å  flisespikke på komposisjonane sidan sist, og eg har skrive ein del meir tekst enn verket hadde opprinneleg, så det gler eg meg til å vise fram no! Eg kan jo nemne at vi speler vi inn musikken på plate i slutten av mars, så håper at vi anledning til å vise fram dette på fleire scener framover!

Du har samlet et håndplukket lag med musikere og kunstnere på tvers av uttrykk. Hva var det viktigste kriteriet i sammensetningen av ensemblet i et tverrkunstnerisk landskap?

Vanskeleg å trekke fram eit spesielt kriterie, men om eg må seie ein ting så slår det meg at alle, frå musikant til kunstnar til lydteknikar (han er kunstnar han også!!!), alle er historieforteljarar, og dei evner å fortelje i samspel med dei andre. Eg må jo seie at eg er utruleg glad og audmjuk over at ein så dyktig gjeng har sagt ja til å bli med og bruke så mykje tid på dette prosjektet


Forrige
Forrige

Swing’it til Molde: Vi er ikke et band som spiller jazz på den tradisjonelle måten

Neste
Neste

Træet erstatter Den Gode Smak